Vakre vegar – langt meir enn berre ein pris.

Av Alf E Støle

I september får Kongevegen over Filefjell vegdirektørens «Vakre vegers pris». For meg er det ei påminning om at vi er med på å skape noko som skal stå langt inn i framtida.

Vegdirektøren sin pris for vakre vegar vart oppretta i 1988, og er ein heiderspris for veganlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadene. Som medlem av fagsekretariatet har eg sett korleis interessa og merksemda om prisen har auka, og det er stort å sjå kor viktig denne prisen no er.

Statens vegvesen er den største statlege byggherren i landet. Vi er i dag med på å bygge det som blir morgondagens kulturminne. For meg er dette noko av det som er mest interessant og utfordrande både med pris og som tilsett i Statens vegvesen.

Prisen løfter fram byutvikling og vedlikehald
Bybana i Bergen er ikkje et tradisjonelt vegprosjekt. Desto meir spennande er det at dei fekk prisen i 2012. Her medverka prisen til å å løfte fram ei byutvikling til beste for menneske og miljø.

Bybana i Bergen Foto: Statens vegvesen

Bybana i Bergen
Foto: Statens vegvesen

Same år fekk også Borgestadalléen i Skien prisen for måten dette vakre og verdfulle   kulturminnet er skjøtta med varsemd og omsorg.


Prisen skaper folkefest
Men kan hende den aller flottaste og overraskande pristildelinga var i 2006, då fylkesveg 365 mellom Bulandet og Værlandet fekk prisen. Svært få hadde vel tenkt på dette vesle anlegget som kandidat til prisen. Men via internett kom forslaget inn frå folk på Bulandet som stolte av den nye vegen sin. Prisutdelinga vart også ein folkefest – ei oppleving som seint vil bli gløymt av dei som var der.

Bulandet Foto: Berit Hartveit

Bulandet
Foto: Berit Hartveit

Det er ikkje tilgangen på økonomiske ressursar som ligg bak det vellukka resultatet, men derimot evna til å forstå både landskap og vegplanlegging og at kompetansen er brukt i alle trinn – frå planlegging til bygging. Den vel seks kilometer lange vegstubben bind saman øyer i eit sårbart landskap på ein måte som vitnar om både estetisk sans og respekt for omgjevnadane.

 

 

Prisen set dagsorden
I Tønsberg sette prisen søkelyset på noko av det som er betyr mykje for kvardagen til både bilistar, syklande, gåande og kollektivreisande, nemleg drift og vedlikald.

Rassikring Foto: Statens vegvesen

Rassikring
Foto: Statens vegvesen

Vi veit at klimaendringar gjer at utfordringane med rasfare langs vegane er noko som vil auke. Rassikringstiltak fører ofte til store inngrep i landskapet. Men på Skjarvelandet på fylkesveg 889 har dei forma eit heilt nytt landskap langs vegen. For dette får dei Vakre vegers pris i august i år, og rassikringsprosjektet tener som førebilde for rasutsette veg- og jernbanetrekningar over heile landet.

 


Prisen heidrar samarbeid
Å gå Kongevegen over Filefjell byr på naturopplevingar og er og ei vandring i den norske samferdshistoria. Restaureringa av køyrevegen frå 1793 er eit vellukka eksempel på samarbeid mellom mange aktørar, og . dette resulterte i pris til vegen, og det i sjølvaste Friluftslivsåret 2015.

Vindhella påKongevegen. Foto: Sverre Hjørnevik Statens vegvesen

Vindhella påKongevegen. Foto: Sverre Hjørnevik Statens vegvesen

 

 

 

 

 

 


Prisen er ei påminning om vårt ansvar

Det som likevel har gitt meg aller mest fagleg, er det å få møte alle dei dyktige og engasjerte fagfolka som arbeider på anlegga som har fått Vakre vegers pris opp gjennom åra.

Å jobbe tett saman med juryen, delta i gode diskusjonar og bli kjend med ulike fagdisiplinar er ogsåspennande. Samansetnaden av juryen gjev ofte nye vinklingar og perspektiv på korleis eit anlegg vert vurdert.


For meg er det ei påminning om at vi er med på å skape noko som skal stå langt inn i framtida.
Vakre vegers pris er ei påminning om at vi er med på å skape noko som skal stå langt inn i framtida. Dette forpliktar oss alle.

Let us make a thing of beauty
That long may live when we are gone
That hungry souls may feast upon
Whether it be word or marble
Music, art or poetry
Let us make a thing of beauty
To help set man’s spirit free

Edward Matchett

 

Dette innlegget ble publisert i Miljø, Vakre vegar, vegteknologi. Bokmerk permalenken.

1 svar til Vakre vegar – langt meir enn berre ein pris.

Legg igjen en kommentar